Friluftsliv

Å vera ute i ver og vind gjer godt for kropp og sinn.

Eit av fokusområda i Sæ barnehage er friluftsliv, me nyttar mykje av tida vår ute i skog og mark.

I rammeplanen  står det:

"Fagområdet natur, miljø og teknikk skal bidra til at barn blir kjend med og får forståing for planter og dyr, landskap, årstider og vær. Det er eit mål at barn skal få en byrjande forståing av verknaden av en berekraftig utvikling. I dette inngår kjarleik til naturen, forståing for samspelet i naturen og mellom mennesket og naturen"

Barnehagen har fleire og varierte friluftsområder i nærleiken. Me har ein lavvoplass som vert nytta ofte, der barna får utfolde seg i variert terreng. Der får dei også opplæring i bruk av sag, øks, kniv, hammer og spiker.

Me disponerar to minibussar som me brukar for lengre turar. Me køyrer å besøker lokale naturperler, og me går på toppturar i dei lokale fjella.